
Den korte historia:
Me er to brør frå Borgund som vil ha det sterkt. Etter å ha delt ut meir og mindre vellukka småflasker til kjende og ukjende i Sogn og omegn, fann me ut at tida var inne for at fleire fekk smaka produkta våre. Saus til folket!
Viss du føretrekk den lange:
Det starta sommaren 2023 i ein landsby i Romania. To brør med kvar sin ryggsekk traska rundt som gode turistar og kom i prat med ein pensjonert lærar i byen. Ho selde alt frå øyredobbar til T-skjorter, men ikkje minst chilisaus! Me vandra vidare nokre rumenske lei fattigare, men med reine trøyer i sekken og ei flaske Scare the Bear i handa. Den gav styrke og glede til mangt eit feriemåltid på turen, men då me kom heim var flaska nesten tom.
Me starta i det små og forska på alt frå chilisaus med pære til sennep med habanero. Eit halvt år seinare stod me på vår fyrste stand og delte ut sterk saus på ein julemarknad på Leikanger. Etter det har det gått slag i slag og i dag kokar me saus i alle ledige stunder i eit nydeleg produksjonslokale på Borgund.
Du finn oss ofte ved Tuben Kiosk, sentralt plassert midt mellom Oslo og Bergen, eller på marknadar nær deg. Kom og sei hei, få deg ein smaksprøve og kjøp med deg noko styrkande!