Description
Gaveemballasje for plass til tre chilisauser. Vel sjølv kven du vil ha i kommentarfeltet når du bestiller.
Sausane våre:
Sydhavskongevegen – 3/10
Ein saus som bugnar over med tropiske frukter, då spesielt mykje mango. Denne sausen fungerer til både dessert og middagsmat. Glimrande på fisk, taco, lyst kjøt, men gjev òg ein nydeleg spiss på fløytebasert iskrem.
Mata Pao – 4/10
Mata Pao har mykje kvitlauk og litt røykt paprika. Glimrande til alt av kjøt. Inspirert av spanske bravassausar.
Vindhelloo – 5/10
Verdens beste tacosaus? Enorme mengder med chili og ein god dæsj med koriander. Smokk den på ostesmørbrødet og du lagar ei kulinarisk bombe, bland den i majones og du har ein chilimajo fruktig as fu…
Sjurek – 7/10
Kvitlauksbombe. Olivenolje, kvitlauk og habanero i skjønn forening. Denne er sparkar deg i gang om morgonen saman med egg og bacon. Glimrande på pizza, glimrande til alt (om ein likar kvitlauk, og tåler trøkket).
Brennande Bøthun – 8/10
Den sterkaste bøthunen. Ein sterk og rein chilisaus som kan brukast til det meste. Fungerer supert for å gje sting til pastasausar og pizzasausar, kan blandast med rømme for ein dipp med deng, flott til ein litt sint chilimajo, og viss du føler deg skikkeleg tøff så har du den rett på pizzaen.
Ninjatrikset til dagleg leiar er ein klunk med denne i tomatjuice for ein herleg og hot virgin bloody mary til lunsj.




Reviews
There are no reviews yet.